Forslaget blei fremja av Isabell Pettersen Vikan frå Høgre, som grunngav det med å vise til det såkalla «Osloforsøket». Det Vikan ikkje nemnar er at det var så dårleg gjennomført at nærast ingen ville forske på det. I NIFUs evaluering ser dei ein svak positiv effekt på hovudmålskarakteren, men presiserer at dette like så godt kan vere resultatet av andre verkemiddel i studien, og at elevane som hadde sidemål fekk ein enda større effekt. Vikan argumenterer altså ut frå eit forsøk som i ein artikkel hos Forskerforum blir beskrive som «nærast uvitskapleg», og som til slutt viste at ein fekk best effekt av å ha sidemål.

Osloforsøket blei gjennomført på VGS, medan Tromsøforsøket skal gjelde ungdomsskolen. Det skapar fleire problem. Dersom forsøket blir godkjent vil dei aktuelle elevane framleis ha obligatorisk sidemål på VGS, der undervisinga baserer seg på at dei har grunnleggjande sidemålskompetanse frå ungdomsskolen. Å sende elevar inn på VGS utan sidemålsopplæring vil skape store problem for dei som no manglar fleire år med undervising i forhold til dei andre i klassen. Dette kan, som Raudts Jens Ingvald Olsen påpeikte, føre til auka fråfall.

Vidare vil forsøket vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Eit problem er om nokre av elevane har nynorsk som hovudmål, spesielt om desse vel bort sidemål og ikkje skal ha undervising i bokmål. Når skal dei ha undervising? Og med kven? Når det blir så vanskeleg for skolen med nynorskelevar, er det truleg at dei vil bli rådd frå å ha nynorsk som hovudmål. Dette vil verke skadeleg på retten til å velje sitt eige hovudmål, ein grunnleggjande lovfesta rett i Noreg.

Eit anna problem er sidemålsundervisinga. Skal dei to gruppene ha heilt separat norskundervising, eller skal dei dele nokre av hovudmålstimene? Skal sidemålselevane ha høgare timetal enn dei andre? Kva skjer om det berre er få som ønsker å ha sidemål, eller om nesten alle vel å ha det? Etter Osloforsøket uttalte to elevar i Dagsavisen 18.10.2007 at dei følte dei blei «straffet for å be om opplæring i skriftlig nynorsk». Eitt av argumenta Unge Høgre har brukt for valfritt sidemål er at det vil føre til ei betre haldning til nynorsken. Om sidemålselevane blir ein kasteball ingen heilt veit kva dei skal gjere med kan ein nok sjå langt etter denne effekten.

I tillegg til det organisatoriske marerittet ved ei slik ordning, vil det også ta frå elevane den påviste positive effekten av sidemål. Ei undersøking utført av NTNU viser at å lære både bokmål og nynorsk gir mange av dei allereie påviste effektane av tospråklegheit. Å kunne fleire språk aukar den språklege fleksibiliteten, og gjer at ein får betre og raskare leseforståing på alle språka. NTNU påpeikar også at det ikkje held å lese for å oppnå desse fordelane, ein må skrive og bruke språka aktivt. Det er altså lite gunstig å la elevane velje bort sidemålet når det kan bidra til ein positiv effekt for både hovudmål og sidemål.

Sjølv om det er mange problem ved Vikans forslag, tar ho opp eit genuint problem. 28,2% som får 1 eller 2 på eksamen i hovudmål er for mykje, men inga påliteleg forsking tyder på at valfritt sidemål vil betre dette. Valfritt sidemål vil skape problem for elevane når dei kjem på VGS, og vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. I regjeringsplattforma har Høgre og Frp ikkje gått for valfritt sidemål, men vil heller «Gjøre sidemålsundervisningen mer engasjerende for elevene og forbedre karaktersettingen.». Det kan ein gjere ved hjelp av tidleg sidemålsstart og bruken av sidemål i andre fag enn norsk. Vi i Studentmållaget i Tromsø håpar at forslaget ikkje går gjennom, og at byrådet heller vil innføre tiltak med påvist positiv effekt for å heve hovudmålskarakterane i Tromsøskolen.

Gi elevane god norskkompetanse, ikkje innfør valfritt sidemål!